Vi Bygger Nytt Desember 2017 | Page 43

TID FOR HYGGE BLOGGEREN Serviset har eg sneket med meg frå hu mor og det har eit skjønt julemotiv som eg synast passar fint inn i denne stilen. Eg har også valt linservietter som er mjuke og behaglege - til denne borddekkinga hadde det det ikkje pas- sa med stive servietter. Det er dei små detaljene som utgjer heilskap- en. Lys og blomar er dei viktigaste detaljene for å få eit vakkert dekket julebord. Bare pass på at høge lysestaker og blomar ikkje står midt på bordet slik at gjestene ikkje ser kvarandre. Mose, eit lite juletre i vase, samt ekornet lagar julestemning her. Oppskrift poffar: 1 liter skumma surmelk 3 egg 2 kopper sukker 1 ts natron 1 ts hornsalt 1/2 kopp smør 1/2 kopp sirup 1 kg kveitemjøl Fremgangsmåte: Smelt smør, ha i sirup, pisk saman egg og sukker. Bland saman. Ha i surmelk og dei øvrige ingrediensane. Det blir som ein tjukk grøt. Ha ca 1/2 dl mjøl i ein dyp tallerken. Ta ein bollestor deig med skei, vend i melet. Stekes på stekehelle i nokre minutt på kvar side.