NFF NFF Årsrapport 2014 | Page 9

INNLEDNING Eit breitt, godt og inkluderande tilbod skal vi som fotballfamilie levere. Hjå oss skal det vere mogeleg for alle å ta del. Samstundes skal vi også tilby ein arena for utvikling av dei beste. Dette blir vi utfordra på ofte, spesielt viss våre flaggskip på klubb- og landslagsnivå ikkje leverer som vi forventar. Denne utfordringa skal vi vere glade for, fordi vi alltid vil ha noko å gå på. Vi kan alltid utvikle oss og bli betre. Difor er det kjekt at vi har fått fram nokre nye heltar, som Ada, Caroline, Omar, Mats og Martin. Saman med desse skal vi vere konstant svoltne på utvikling og ta nye steg. Vi deltok diverre ikkje med vårt lag i VM i Brasil i fjor sumar. Men vi var likevel til stades gjennom vårt prosjekt, Handshake for Peace. FIFA brukte prosjektet tydeleg i sin kommunikasjon rundt kampane, for å skape den gode atmosfæren. Og rapportane i ettertid var at det gav resultat, både på og rundt bana. Prosjektet vart første gang lansert i samband med vårt eige forbundsting i 2012. Det har vore ei historisk reise, som på langt nær er komen til endestasjonen. Idretten og fotballen sitt Fair play- og forsoningsarbeid i ei uroleg verd vil berre bli meir etterspurd. La bodskapen frå Handshake for Peace, våre verdiar og respekt vere det grunnleggjande i tingsalen også. Slik kan vi løfte dei gode debattane rundt framtidige strukturar, spelarutvikling, internasjonale utfordringar, rammevilkår og ny handlingsplan. La også dette tinget sette eit godt fotavtrykk i utviklinga av norsk fotball. Til slutt vil eg takke vår største ressurs; alle de som kvar dag legg ned mykje arbeid for å realisere vår visjon om «Fotballglede, muligheiter og utfordringar for alle» basert på våre fremste verdiar: Tryggleik, glede, respekt og likeverd. Utan baner har vi ingen arena for å fremje våre verdiar. Det er dei frivillige i norsk fotball som - saman med vår generalsponsor Norsk Tipping – har gitt oss flotte anlegg over heile landet. I 2015 vil kunstgrasbane nummer 1000 i full størrelse bli opna. De har alle grunn til å vere stolte! Mange takk også til våre partnarar i klubb, krets og forbund. Saman utviklar vi Noregs største og beste ungdomsorganisasjon endå nokre hakk. Vi kan alltid bli betre. Lukke til med tinget og lukke til med sesongen 2015. Yngve Hallén President i Norges Fotballforbund NFF ÅRSRAPPORT 2014 9 01