Festspillkatalogen 2018 - Page 41

FO R ST YRRE LSE R t Urpremiere H OR DA L A ND T E ATE R FESTS P I L L EN E I B ER G EN 2018 041 Andvake Trilogien av Jon Fosse DATO/ TI D Onsdag 23. og torsdag 24. mai kl 19:00 Fredag 25 og lørdag 26. mai kl 18:00 Mandag 28. mai– fredag 01. juni kl 19:00 Lørdag 02. juni kl 18:00 Mandag 04.– onsdag 06. juni kl 19:00 VA R I G H E T 3 t inkl. pauser S PR Å K Spilles på norsk. BI LLE TT Ordinær: 420 Student: 170 Billetter kjøpes på www.hordalandteater.no og www.fib.no. Festspillenes priser og rabatter er ikke gjeldende. Ei av vår tid si mest markante litterære forteljingar i ein musikalsk sceneversjon av Torkil Sandsund. Jon Fosse fekk Nordisk Råds Litteraturpris for trilogien Andvake – Olavs draumar – Kveldsvævd. Verket har trollbunde publikum over heile verda og blir no teater. Framsyninga tar oss gjennom alle tre romanane på tre timar. Det er seinhaustes og Alida og Asle er kome til Bjørgvin for å finne ein stad å vere. Alida er høg- gravid, men ingen vil gi dei rom. I trilogien følgjer vi parets kamp for å finne ein stad å føde og korleis dei på ulikt vis vert inn- henta og stilt til ansvar for vala dei tek undervegs. Torkil Sandsund regi, dramatisering Dordi Strøm scenografi, kostymedesign Trio Mediæval, Erlend Apneseth musikk Mathias Grønsdal, Torkil Sandsund lyddesign Arne Kambestad lysdesign Erlend Apneseth, Magne Håvard Brekke, Ragnhild Gudbrandsen, Sigmund Njøs Hovind, Susann Kambestad, Karl Vidar Lende med fleire medvirkende Produsert av Hordaland Teater i samarbeid med Den Nationale Scene Andvake-trilogien er forteljinga om ung kjærleik i ei ugjestmild verd, om kjærleik som sprengjer sin eigen veg, og om kjærleik som overleverer sjølve livet. Dette er ei klasseforteljing og eit tidsbilete som rommar den mystikken og musikaliteten som særmerkjer Fosse. Forteljinga vert tonesett av dei tidlegare festpelkunstnarane Trio Mediæval, og felespelaren Erlend Apneseth sørgjer for levande folkemusikk på scenen. Det er duka for årets heilt spesielle musikalske teateroppleving når dette verket for første gong møter scenen. WWW.FI B.N O 041