AUDIOphile No.1 | Page 60

EAT E-GLO Test - Vinyl gjerast detaljar som eg ikkje har vore klar over at F9 kunne klare. Lånerunde Eg har fleire pickupar i skuffa mi, men desse er dei einaste av skikkeleg referansekvalitet. Riaaen har greidd alle dei prøvelsar eg har greidd å utsetje han for. Eg hadde mistanke om at det faktisk er meir å gå på, at eg ikkje har fått avslørt potensialet på denne spesielle saken, som faktisk har løfta alt eg har av pickupar ganske valdsamt. EAT-e-Glo er i prisklassen der det konkurrerast med Audio Research, Manley og Aestetix sine toppmodellar. Kjøper du slikt, er det sjølvsagt greitt å få meir ut av pickupar til nokre få tusen kroner. Alle treng ein kvardagspickup, som det ikkje er så nøye med når det ikkje lyttast kritisk. Men når du brenn av over seksti tusen for ein slik sak, har du forventningar om å frigjere det som bur i pickupar i same prisleie. Då vil du høyre ALT i rillene. Men det er eit svinearbeid å rekvirere elitedivisjonspickupar an masse. Så eg rekvirerte alle godbitane i pickupsamlinga til Stig Arne Skilbrei, og sette i gong. Sidan eg hadde komme over eit riaatrinn med såpass flotte kvalitetar, vart det nødvendig å hente inn pickupar på eit høgre kvalitetsnivå enn eg har til vanleg. Stig Arne Skilbrei var snill og lånte meg sine beste MC-pickpuar frå Lyra, Denon og Koetsu. Og dei skuffa ikkje. Dynamikk, tredimensjonalitet og klangeigenskapar var oppe i ein divisjon eg aldri hadde høyrt maken til. Eg fekk også inn ein Ikeda 9TS til utprøving, som får sin eigen artikkel, men eg må nemne at kombinasjonen med EAT-e-glo var magisk. Scena opna seg i lytterommet på ein måte eg ikkje har fått med meg før. Mine beste erfaringar med lydattgjeving her har vore med svære fulltoneelektrostatar, rørelektronikk der ARC SP 10 har forsterka opp signalet frå Vanden Hul MC 10, og skapt svært realistiske inntrykk av tredimensjonaliet. Men uansett kva eg har rigga opp, har eg alltid fått eit litt samanklemt bilde, der djupna har vore avgrensa ute på fløyane, i hjørna bak høgtalarane. Men det er ikkje slike avgrensingar med dette oppsettet. Å spele Scheherazade (RCA LSC 2446) er rett og slett magisk. Så langt har denne spesielle riaaen briljert med alt eg har fora han med, og latt pickupane gjere sine spesialitetar utan å påverke dei på andre måtar enn å få dei til å skine. Eg har mistanke om at EAT-e-glo kan Side 60 klare kva som helst. Eg skulle gjerne hatt ein av dei hysterisk signalsvake pickupane frå Audio Note eller Ortofon, og sett om dei for ein gongs skuld kunne klare seg utan trafo. Så eg har tigga meg til å låne godbitar frå snille onklar på Hifisentralen, med stor respons. Vi skal altså komme attende til dette. ikkje kan seie eg har høyrt det betre. Det er nyanseringsevne så vel som makt bak fortissimoane, og det er fullstendig støyfritt (om plata er slik, vel å merke). I mellomtida har eg notert meg fylgjande på dei pickupane