AUDIOphile No.1 - Page 56

Test - Vinyl EAT E-GLO EAT E-glo i samspel med ulike pickupar Då eg sist var innom Renaissance Audio i Bergen, fekk eg sjå eit merkeleg apparat. Det kunne sjå ut som ein slags spolebandopptakar med rør montert midt i spolane, men det synte seg å vere ein riaa. Basert på seks rør, og det med spesifikasjonar som eg knapt har sett maken til. Det var berre heilt nødvendig å prøve ut dette her, så endeleg er han komen på besøk. Utforming Som sagt, denne riaaen er merkeleg, og det einaste eg assosierer, er ein veldig moderne spolebandopptakar, i tillegg til ei meir normalt utsjåande separat straumforsyning. Det er alltid lurt å ha straumforsyninga til riaatrinnet plassert langt unna sjølve elektronikken, slik at all interferens vert minimal. Ein ekstra lang kabel skulle gje rom for optimale plasseringsvilkår. Elles er straumforsyninga relativt grei å sjå til, utan andre fasilitetar enn ein hovudbrytar der du kan sikre at straumen er avslått om du er bortreist i helgane. Det er ikkje sagt noko om at dei har brukt rør i straumforsyninga, så det må du finne i sjølve forsterkardelen. Det har til gjengjeld seks av slaget, nesten like mange som i min gamle ARC SP 10 med åtte rør på riaadelen. Men dette er eit langt meir avansert produkt. Røra er til dømes mekanisk avstiva med nokre ribber som er tredde over, slik at røra sit ordentleg fast, og har kjøleribber..det spesielle ECC88-røret som er i bruk, er eit spesialrør som skal tåle 2,5g (om du skulle vere ekstremt uroleg) Vanskeleg å seie kor mykje dette har å seie for totalresultatet, men støy er her iallfall ikkje. Dette er dessutan ein av dei svært få riaatrinn der du kan leike deg med impedanse (og kapasitanse) utan å skru ned lyden. Det er ikkje nødvendig å hanskast med eit batteri dipswitchar, bortsett når du vil veksle mellom ekstra kraftig gain og middels gain på MC-inngongen. Her har du faktisk to ratt du kan skru på, og stille impedanse etter eige hovud, humør og dagsform. Dette er noko eg er vand med frå gamle ARC SP 10, men EAT-e-Glo har langt fleire alternativ å velje mellom. Her kan du verkeleg herje, og faktisk bruke øyrene til å bestemme kor mykje desse ju steringane har å seie for tredimensjonaliet, klang og dynamikk. Med ein tradisjonell riaa må det brukast dipswitchar for å stille inn rett belasting ut frå utrekSide 56 ning eller tabellar. Men her gjer du det med øyret – og då kan det ikkje vere feil (i motsett fall er det berre å skru eit hakk eller to opp eller ned…) Einaste eg saknar er fjernkontroll, slik at denne jobben kunne gjerast frå godstolen. Firmaet European Audio Team ligg i Tsjekkia, og er vel fyrst og framst kjent for å lage utgangsrør av svært høg kvalitet. Så byggjer dei også platespelarar, armar, og kan levere pickupar. Og no har ingeniør Jozefína Lichtenegger utvikla denne heilt spesielle riaaforsterkaren, med den spesielle utsjånaden og ganske så spesielle lydlege eigenskapar. elektrosus frå anlegget, kan eg ikkje seie at denne direkte dempar støy, men eg opplevde at denne hadde positiv innverknad på dynamikken, spesielt når volumet vart skrudd høgt opp. Riaaforsterkarar er heilt nødvendige i signalkjeden dersom du spelar vinyl, og elles til inga nytte. Så det er vanskeleg å avsløre eigenlyden i slike apparat, om du ikkje brukar fleire pickupar. Matching er dessutan minst like viktig mellom riaa og pickup som alle andre stadar i anlegget. Difor brukar eg å køyre ein serie med pickupskift når eg gjer meg opp meiningar om slike apparat. Då finn eg gjerne at somme matchar er optimale. Såleis gjorde eg utprøvinga med fleire alternativ. Alle fyrst vart det utprøving med min vanlege pickupstall. Dette er pickupar eg har lytta til i mange år, og dei er såpass ulike at dei gjer eit godt bilde av kva ein riaa er god for. Denon 103: Aldri høyrt denne etter kvart tilårskomne pickupen betre. Det høyrest nesten ut som her er perspektiveigenskapar, og du må faktisk samanlikne med andre pickupar for å finne ut at så ikkje er tilfelle. Dynamikk og bass i massevis. Kanskje litt i overkant – armen er ikkje heilt perfekt match, så eg køyrde subsonisk filter på nokre av platene. Min mellomtunge Kuzma Stogi 313 Reference har kanskje litt for lite masse til å kontrollere gamle 103. Men det er ikkje ende på kva dynamiske kvalitetar som kjem for ein dag. Det forsiktige romantiske skinet som legg litt ekstra feitt til klangen frå øvre bass til ein lett reservert øvre diskant er svært kledeleg. Dersom ein ikkje på død og liv må høyre perspektivkvalitetar i opptaka, kan EAT utmerka ha Denon 103 til kvardagspickup om du har ein matchande plate- Støyfritt i testanlegget Anlegget mitt er bygd rundt ekstremt tungdrivne høgtalarar (MBL 101E2), så det er vanskeleg å detektere støy. Forsterkaren ASR Emitter 2 Exclusive er også ekstremt støysvak. Alt er difor dødsstille sjølv om eg skrur forsterkaren høgt opp, og eg kan ikkje registrere den minste tendens til interferens av noko slag, så lenge eg har ein halmeter mellom straumforsyninga og sjølve forsterkaren. Spelar du på lettdrivne horn eller liknande, kan det kanskje oppstå sus, men for meg er dette stille som grava. Uansett er mange konkurrentar merkbart støyande i mitt anlegg, så passar du på fornuftig plassering, må dette gå bra. Ei stund brukte eg også ei flytande magnetplattform frå JAS. Sidan det ikkje kjem det minste Side 57