Test - Vinyl
9TS, hadde eg også fleire andre pickupar på besøk,
mellom desse fleire svært så legendariske og eksotiske. Såleis er det lett å påpeike spesialitetane til
”billegsaken” frå Ikeda. Og her vil eg fyrst og framst
skryte av lydbildet. Dette er djupt tredimensjonalt,
og ganske vidstrakt - massevis av rom på scena, noko
som både kjem innspelingar med visesong så vel som
symfoniske verk til gode. Du må ha gode innspelingar for å ha skikkeleg utbytte av dette, som til dømes
Cornelis sine tidlege album, RCA sin LSC-serie med
klassisk musikk, eller EMI sine flottaste verk frå
70-talet. Samanliknar du med innspelingar som er
gode på andre måtar, vil du høyre også dynamiske
kvalitetar på ein utmerka måte. Å spele Sheffield
Records sine direktegraverte innspelingar kjem i
høgste grad til sin rett. Dynamikken på Harry James
er svært imponerande. Så trass i eit ganske markant
særpreg, er 9TS ein god allroundar, som passar til
veldig mykje av musikken eg til vanleg spelar.
Trass i at anlegg mitt ikkje er spesielt pinpointande,
har eg all grunn til å tru at 9TS kjem til å gjere ein
kjempejobb også på dette feltet, så det er eit trygt
kjøp om du er glad i slik formidling. Når det gjeld
rillestøy, er 9TS betre enn gjennomsnittet, om enn
ikkje så taus som Koetsu Black. Men det må vere lov
Ikeda 9ts pickup
å forvente såpass når du skal betale
16 kkr for vedunderet.
Heed Quasar
Test - Vinyl
Heed Quasar - kompakttest
Konklusjon
Eg har ikkje fått sjansen til samanlikne Ikeda 9TS
med sine dyrare slektnngar, som er inntil fire gongar
dyrare. Det eg les meg fram til om desse, er at dei
har lågare output, nålefane av meir eksotisk materiale
enn aluminium, og avanserte nåleslipingar. Det ville
vere rart om dei såleis ikkje kunne by på endå betre
lyd. Eg har også fått gjort direkte samanlikning med
”gamlefar” Fidelity Research MC 201. Veldig god på
tredimensjonalitet denne også, og ganske flott dynamikk. Men meir ”inneklemt” når det gjeld klang. Det
er ingen tvil om at 9TS kan forsvare eit mellomlegg
til ein tretti år eldre slektning. Denne svære, gr