AUDIOphile No.1 | Page 52

Test - Vinyl Ikeda 9ts pickup Ikeda 9TS pickup Om du treng perspektiv på tinga Framleis er Ortofon sine sølvtrafoar einaste unntaket, elles har eg til gode å verte freista av sånt. Eg likar best ein rørbasert riaaforsterkar med nok gain, som også er tilstrekkjeleg støyfri til å meistre sånne pickpuar. (Gunnar Brekke meiner dette kan komme av at ein SUT er meir nøytral enn ein ”headamp”. Såleis vil forsterkaren kunne brukast som equalizer i mykje større grad enn trafoen, og det kan han kanskje ha rett i?) Etter kvart som åra har gått og håret grånar, har eg prøvd å oppsummere audiofile erfaringar frå min stormfulle ungdom. Og i den samanheng vart eg etter kvart klar over at eg burde utforske dei nye produkta til hr. Isamu Ikeda Ei langt audiofilt liv må rimelegvis føre til både fiaskoar og høgdepunkt. Dei siste er kjekkast å tenkje på, og eg minnest med glede den gongen då eg hadde fått rigga opp mitt nye sett Acoustat 4 elektrostathøgtalarar heime hos kameraten min i eit kjempestort, godt lytterom, med elektronikk frå Grant-Lumley og ARC. Fantastisk lyd. På veldig mange måtar. Ei stund ut i utprøvinga vart det sett på ein pickup som strengt tatt var ganske ueigna platespelarinngangen til ARC SP 6 som vi då brukte. Det var ein Fidelity Research MC-201. Med 0,16 mV ut måtte ein ha skikkeleg MC-oppsett til dette, men dei tinga vi disponerte den gongen, gav ikkje rom for å få ut heile potensialet. Men vi kunne tydeleg høyre spennande kvalitetar gjennom rørsuset når vi sende signalet direkte inn i SP 6. Veldig spennande, men ein MC201 var dyr den gongen, og som avsluttande, nygift lærarstudent med etableringsplanar, tykte eg ikkje eg kunne ta meg råd til slikt. Eg angra av og til på dette, om enn ikkje mykje – det fantest mange spennande pickupar som leverte meir output. Og eg var glad i rørforsterkarar, men kjende ikkje til ein som kunne forsterke opp 0,16 mV frå ein MC-pickup den gongen. Du måtte ha ein MC-trafo, og eg hadde til gode å høyre verkeleg gode slike. Side 52 Tida gjekk. Vinyl vart dømt til døden, og dei fleste satsa på CD. Som etter kvart også har vorte dømt same skjebne. Død kan som kjent gje brød til andre, og no dukkar det opp mange fantastiske vinylprodukt i samsvar med denne nyrenessansen. Så ved eit hovudstadsbesøk viste Tor på Lyric hifi meg eit utruleg vakkert eksemplar av ein pickuparm. Skinande blank, og innlysande rik på mekaniske kvalitetar og presisjon. Eit i høgste grad forførande produkt. - Kva er dette? Ville eg vite. Det er ein arm frå Ikeda. Eg hadde ikkje peiling, men Tor fortalde meg at det var mannen bak firmaet Fidelity Research, konstruktøren av nokre av dei beste armar som har kome frå Japan. Og med ein del andre produkt i same gate. Då strøymde minnet om MC 201 over meg…. - Du har ikkje pickupar frå same produsent, vel? Jo visst….. For å gjere ei lang historie kort, rigga eg etter kvart opp ein Ikeda pickup i anlegget. Eit barnebarn av MC 201, med solide 0,35 mV i utsignal. Kompliansen var på 7, og stiften var oval, medan nålefana var laga av aluminiumrør. Pickupen var stor, skinande og grøn, og hadde ei vekt på 10 gram. Tilrådd stifftrykk var 2 gram, pluss minus 10% Eg køyrde ca 10 timar innspeling før lytteøkt, og trass i mistanke om at det trengs mykje meir tid for å få ut alt potensiale, tok eg til å formulere fyrsteinntrykket. Frekvensar og innspelingstid I laupet av dei tre fyrste timars lytteøkt denne laur- dagsmorgonen, kunne eg merke at ting endra seg i små «rykk». Sjeldan skjer innspelinga så tydeleg. Så etter ca 12-13 timar var klangeigenskapane noko uharmoniske, spesielt ved direkte samanlikning med Koetsu Onyx i ombygd spesialutgåve. Men det er lite tvil om at 9TS formidlar både djupaste bass og diskant heilt opp til dei om lag 16 kHz eg framleis kan høyre. Bassen tok seg opp litt ettersom pickupen blir innspelt, men er likevel dønn kontrollert, og valdsame transientar i botnoktaven leverast på ein veldig kontant og for mitt øyre korrekt måte. Her er Koetsu meir laussluppen, men kanskje ikkje fullt så rett. Mellomtonen og den lågare delen av diskantområdet har gode klangmessige kvalitetar, men hang pr 13 timar ikkje heilt saman, noko som ganske rett endra seg med meir tilspeling. Dette kompenserte eg på min EAT-E-Glo riaa ved å skru impedansen til 10 Ohm, men dette er ikkje ideelt på andre måtar (med ein intern impedans på 6 Ohm, vart det etter kvart til at eg brukte innstillinga på 80 Ohm). Å høyre på Kari Bremnes ”Spor” var meir travelt enn eg likar, og det er eit tydeleg teikn på at ting ikkje hadde kome skikkeleg på plass endå. Men FWBL:P