AUDIOphile No.1 | Page 46

Test - Vinyl standardutgåva, men har ein del mindre fleskefeitt og karamellsmak, og meir av detaljar. Det svake punktet er instrumentplassering og tredimensjonalitet, men det sjenerer lite når du ser kva du får for pengane av andre kvalitetar. Eit veldig godt alternativ – kanskje det einaste i prisklassen det er verd å bry seg med? Denon DL-130 - 55-åringen (merknad: Modellen R/T er eigentleg identisk med r-utgåva, supplert med ein matchande step-up-trafo. Denne har eg aldri sett). luft over tolvstrengsgitaren, og pianoet kan nesten høyrest spinkelt ut (eigentleg er opptaket slik). Og har du på ”Bop till you drop” med Ry Cooder, får du massevis av detaljar som normalt berre kjem fram med skikkeleg påkosta pickupar. Denne pickupen er ein skikkeleg godbit som verkeleg byr fram dei musikalske kvalitetane, utan at du gjev avkall på detaljar. Einaste saknet er i høve dei tredimensjonale eigenskapane som finare slipingar og dyrare konstruksjonar kan oppvarte deg med. Pro-utgåva Oppsummering av mine erfaringar. Ser ut til å ha vanleg, rund nålespiss, men han skal vere modifisert av same firma som lagde Highphonic-pickuar ein gong på 80-talet. Elles er det lite data som skil seg frå standard. Utsjånaden er identisk med standardutgåva, bortsett frå at modifikatørane har gått over den kvite siktelinja i fronten med raudfarge. Ein liten, raud klatt er også måla på opphenget til nålefana. Når det gjeld det lydmessige er han ganske lik R-utgåva, men endå betre. Denne var lenge tilgjengeleg i utanlandske nettbutikkar, og eg trur at Hifiklubben har tatt inn som spesialbestilling Pro har også 0,02 mm rund nål, og nålefane i aluminiumsrør. Ølite høgre komplianse skulle gjere at meir normale armar skulle ha det litt betre, men det stemmer ikkje med mine erfaringar – Pro sporar likt med standardutgåva, og det er R som gjer det best i min Kuzma 313 Reference-arm. Pro er langt lettare å finne enn ein pen 103D, og om du er på jakt etter ein skikkeleg pickup med audiofile kvalitetar, er nok dette den beste 103 du kan håpe på å komme over. Eg skulle gjerne hatt ein pent brukt D-utgåve til samanlikning, for eg har ein mistanke om at denne er like god, om enn ganske annleis i lyden. R-utgåva har eg også sansen for, og spesielt til dei meir krevjande platepressingane. Ingen MC-pickup har spora så godt som denne i min arm. Men dersom det er den romantiske, fyldige 103-lyden du leitar etter, og du ser stort på dette med detaljar, kan du glede deg over den usannsynleg billege standardutgåva. Eit par åtvaringar før du opnar lommeboka; i referanseanlegget mitt står ein riaa som kostar ca 30 gonger meir enn pickupen. Det er nok slik at alle 103-utgåver har godt av ein skikkeleg riaa, gjerne ein slik du kan regulere impedansen på (her er det også snakk om smak og behag, og eg kvir meg ikkje for å stille impedansen etter øyret) . Med lite utsignal vil eg dessutan tilrå at du har meir enn 60 dB gain å gå på, som eg held som absolutt minimum. 103 er ikkje så veldig kritisk til pickuparm, og det går heilt fint med eldre, direktedrivne japanske platespelarar i relativt rimeleg prisklasse. Men lettvektsarmar går dårleg. Du kan vere uheldig. I alle fall r-utgåva så vel som standard fungerar svært dårleg med VPI sine unipivoterande armar. Impedansen ut er 38 Ohm. Elles ser det ikkje ut til å vere store skilnadar på denne og R-utgåva. Han sporar også ganske godt, 80µ held i praksis til kva som helst, så nær som siste kanonskotet på Telarc 1812. Dessutan har han endå litt slankare klang enn R, så her snakkar vi om ein ganske så nøytral pickup. Det beste er detaljattgjevinga. Spelar du Supertramp ”Even in the Quitest Moment” får du langt meir Side 46 Resten av flokken, som eg har lite greie på... Eg har snoka opp litt, her & der, men hovudkjelda mi er www.vinylengine.com DL-103 Gold: Jubileumsutgåve frå 1982. Eigentleg burde denne dukka opp til 50-årsjubileet, altså i 2012. Denne har eg aldri prøvd endå eg hadde sjansen til å kjøpe ein, men mine fordommar tiseier at dette berre er standardutgåva med gullmaling. Dersom dei ikkje har funne ei fjongare nålefane då… DL-103SL, DL-103FL og DL-103C1: Tre utgåver med ekstra påkosta tråd i spolane, slik at utgangsimpedansen vert lågare. Men Denon tilrår den same lasten som dei andre, altså >100Ohm. Kanskje forlauparar for den R-utgåva vi har i dag? DL-103LC har også spesialkopar i spolane, og er i tillegg utstyrt med ekstra liten, rund stift. Det finnest