AUDIOphile No.1 | Page 44

Test - Vinyl Denon DL-130 - 55-åringen TEST: Denon DL-103 femtifemåringen kar oftast subsonisk filter som tek vekk det vi ikkje høyrer, men som stressar basselementa. På min EatE-Glo riaatrinn har det ingen utilsikta konsekvensar for lyden. Når eg spelar med denne pickupen, er det to ord som forklarar alt; ”fylde” og ”vakkert”. Dette er flott og innsmigrande. Klassisk musikk vert vakkert. Dette er det motsette av det vi fekk då vi kvitta oss med vinylen og kjøpte CD-plater. Du må gje avkall på oppløysing og detaljar, og det er anstrengande å høyre kva den einskilde utøvar gjer. Såleis skulle ein tru at Supertramp-platene tapar seg saman med standard 103. Men dette skjer ikkje, fordi det heile vert så vakkert. Bassen til Supertramp får akkurat den ekstra stinget som skal til for å få deg i godlune. Dette er ei av dei verkelege legendene mellom pickupar, og eitt av dei lengstlevande audioprodukta. Framleis på marknaden etter rundt 50 år, og ganske så hyggjeleg prisa. Mange hevdar at det prismessig er eitt av dei beste pickupkjøp du kan gjere. På tide med ein artikkel… Det er ganske sensasjonelt at ein pickup som kom i handelen i 1962 framleis er på marknaden, med praktisk tala uendra konstruksjon og utsjånad, bortsett frå ulike fargar. Men det har opp gjennom åra dukka opp minst 16 ulike variantar, og det berre frå Denon sjølv. Dei fleste som tilbyr reparasjon av pickupar har ein eller fleire versjonar av Denon DL103. Men eg har langt frå høyrt alle. Og sjølv etter 54 års produksjon må det vere lov å spørje kvifor det har vore så mange versjonar av denne pickupen. Eg har difor lånt eit par variantar, og samanlikna dei med min eigen standard 103, kjøpt inn for nokre månadar sidan. Teknisk sett er Denon 103 ein ganske så ordinær moving coil-konstruksjon. Det vert levert stort sett 0,25-0,3 mV utsignal, og utgangsimpedansen varierar frå 13 til 40 Ohm . Når det gjeld kompliansen har alle vore oppgjeve til 5, med eit par unntak (mellom anna min favoritt 103D, som hadde 12. Ver obs. på at Denon målar dette annleis enn det som er vanleg, så Side 44 det er ikkje enkelt å gjere direkte samanlikningar. Mi erfaring er at pickupar må prøvast ut i den aktuelle armen før ein kan vere skråsikker på kor godt kombinasjonen fungerer. Gode matrettar vert gjerne endå betre med ein fyldig saus til, sjølv om sausen kan kamuflere kvaliten på råvarene. Dette er ein slik saus. Så når du går attende til meir korrekte pickupar, kan du rett og slett miste sansen for det korrekte. 103 kan i verste fall utvikle seg til å bli ein dårleg uvane. Høyrer du ikkje på andre kjelder, risikerar du å gløyme at det er noko som heiter perspektiv og 3D-eigenskapar, og du går glipp av ein del detaljar i innspelinga. Men det er ikkje så farleg om det er musikken åleine du går etter… Eg kjem til å ha 103 standard som ei av mine faste referansar. Dette er klassikaren som du må ha referanse på. Ja, det er veikskapar med DL-103. Her er dårleg lydbilde og tredimensjonalitet. Han sporar godt, om enn ikkje så godt som dei dyrare utgåvene. Han fargar lyden med varme, og er ikkje presis med detaljane. I min arm er det tendensar til subsonisk baluba, og eg bru- D-utgåva eg hadde vart spelt natt og dag, til det ikkje var forsvarleg å bruke han lenger ein gong ut på 80-talet. Det er altså lenge sidan eg har høyrt denne versjonen, men hugsar alle kvalitetane. På den andre sida vart han etter kvart erstatta av ein VdH-pickup som kunne gjere trolldom med tredimensjonalitet og instrumentplassering, så eg kom relativt fort over tapet - heller ikkje D-utgåva er noko særleg når det kom til slikt. Men det var ein veldig fin sak. D-utgåva R-utgåva. 103 var lenge den beste pickup eg hadde høyrt, men som blakk matros med nettopp unnagjort fyrstegongsteneste fekk eg låne pickup av ein kamerat, heilt til eg miste stakkars 103 i golvet. Då måtte eg kjøpe ny, noko som var uråd her i landet attende i 1978. Så han måtte bestillast frå Hong Kong. Eg måtte ha ein ekstra til eige bruk også, sjølvsagt. Men då sendinga kom inneheldt ho grå 103-pickpar. Dei hadde bokstaven ”D” og skulle vere utstyrt med original Shibata-nål, slik at dei kunne brukast til kvadrofoni. Då vi skulle prøve ut desse, var dei påfallande mykje betre enn standardutgåva, tykte vi. Den feite sausen var erstatta av evna til å få fram klang og dynamiske nyansar på ein utruleg fin måte. For ein tusenlapp meir enn standardutgåva er denne pickupen er lett tilgjengeleg frå Hifiklubben. Eigentleg er han ident