AUDIOphile No.1 | Page 26

Stig Arne si dagbok CES 2016 Mange vil nok kjenna att denne platespelaren. Technics har laga ein heilt ny spelar kalla SL 1200, same som den ikoniske Technics modellen over mange ti-år, og som var standard arbeidshest i mange diskotek. Men tilnamnet “GAE” røper at det er snakk om noko nytt. Stig Inge seier at poenget er at ein ikkje skal lata seg lura av den klassiske utsjånaden, avdi dette verkeleg er ein heilt ny konstruksjon. Særskilt motoren, som er hjartet i ein platespelar. (les og vår nyheitsartikkel om SL 1200) Luke Manley frå VTL styrer armen med ein Lyra Etna innover ein Spiral Groove Revolution platespelar. Forforsterkar VTL, naturlegvis. Michael Fremer og Jonathan Carr, Stig Inge sin næraste medarbeidar, pickup- og forsterkar-konstruktøren hjå Lyra; i samtale med Technics-konstruktøren Koichi Miura om dei ulike detaljane i den nye platespelarkonstruksjonen, som t.d. den uvanleg store, kjerneløyse direktedrift-motoren, som historisk berre har vorte nytta i svært dyre studio-platespelarane. Den opprinnelege SL 1200 hadde ein vanleg, mykje mindre, billegare direktedriftsmotor med kjerne. Side 26 VTL demonstrerte rør-elektronikken sin med Wilson Sabrina høgtalarar, ein modell Stig Inge har snusa på, og eg trur han har levert inn ein bestilling på eit par for personleg bruk. Side 27