AUDIOphile No.1 | Page 24

Stig Arne si dagbok CES 2016 CES 2016 Consumers Electronics Show, vert arrangert kvart år i januar i Las Vegas, og er verdas største elektronikkmesse. Stig Inge Bjørge (varemerket Lyra), nordmann busett i Japan, har vitja messa praktisk tala kvart einaste år sidan 1986, og kan trygt seiast å vera veteran i så måte. Stig Inge er ein ivrig fotograf, han har teke ei rekkje bilete og sendte 111 av desse til meg via Dropbox, slik at eg skal få lov til å presentera nokre av dei for audiophile.no; med kommentarar. Stig Inge kan og fylgjast på fjesbokji (facebook), der han heiter Bjorge med “o". Joe Harley syner fram Audioquest sitt nyaste produkt, Niagara 7000, ein avansert straumrensar (som Stig Inge meiner er banebytande i si produktgruppe), pris kring 8000 Dollar. Audioquest har elles ein liten dings som interesserer meg meir, avdi han er både mindre og billegare: Jitterbug, ikkje større enn ein minnepenn, og ganske lik den vetle DAC-en Dragonfly (som no er komen til tredje eller fjerde generasjon). Denne skal setjast inn i datamaskina sin USB-port, og skal ikkje koplast til noko som helst. Han seiest å forbetra lyden frå datamaskina ved strøyming av t.d. Spotify ved å “fjerna parasittiske resonansar”. Eg innrømmer å vera skeptisk, men Stig Inge, som elskar dippeduttar, har sjølvsagt kjøpt seg ein slik, og eg satsar på å få låna han. Side 24 Joe Harley i sentrum, aktuell med ny-utgjevingar av jazzplater på vinyl, i tillegg til at han er ein av toppane hos Audioquest. Her er han omkransa av Ken Kessler til venstre og Michael Fremer til høgre, sistnemnde traff eg og Stig Inge i Munchen og. Ein artig kar og ein stor komikar (i tillegg til å skrive i nokre amerikanske audiolefser). Sjekk opp nettstaden hans som heiter www.analogplanet.com Peter Noerbaek, grunnleggjaren av PBN Audio (høgtalarar som t.d. Montana), har ein tilleggslidenskap: Han samlar på Denon Drivverk, renoverar dei og lagar nye kabinett, og sel dei vidare med arm og pickup etter ynskje. Denne nydelege spelaren har ein Jelco 9-toms arm og Ortofon Cadenca pu. Side 25